Det var en gang en sommer
Boka startar med ein fire år gamal gut som 23. juli spikkar ein liten trebåt med orda: «Pappa, eg vil vi skal sjøsette båten og sende den til dei døde ungdommane. Det fortener dei.» Pappaen, fortel forfattaren Vidar Kvalshaug dei unge lesarane, er ham sjølv.
Vidar Kvalshaug (1970-) er ein norsk forfattar, litteraturanmeldar- og kommentator i Aftenposten. Han har prøvd å fortelje historia om 22.juli og tida etterpå for barn. ”22. juli 2011 er ein dato du kjem til å høyre mykje om så lenge du lev. Når du blir større, kjem du sikkert til å minnast kor du var og kva du gjorde denne dagen. Det var denne dagen 77 menneske vart drepne i Noreg på éin ettermiddag, 69 av dei var ungdommar på Utøya.” Kvalshaug held ein sakleg tone når han beskriv hendingane denne dagen. Han fortel om Anders Behring Breivik som sett kurs for Utøya i politiuniform. Vi les om korleis han vart ferga over, og møtt av mor Utøya, samt ein politimann. Breivik skaut og drap dei. «Drapa hadde starta». Boka er illustrert med fotografiar: av eit bomba regjeringskvartal, av ein teltleir, av forfrosen ungdom med tepper rundt seg og av ein ung Gro Harlem Brundtland med gitar. Det er følgjar med faktaboksar som forklarar ord som terror og demokrati. I siste bolk gjer Kvalshaug eit forsøk på å forklare kvifor Andres Behring Breivik gjorde det han gjorde. Vi får høyre om World of Warcraft og hatet til innvandrarar. Under kapitelet «Guten som ikkje kunne leike», menneskeleggjer Kvalshaug Breivik ved å kalle ham Anders. Vi får høyre om fireåringen som berre budde med sin mor, om faren som forgjeves prøvde å få foreldreretten, om Barnevernet som var involvert, det rare smilet hans, og psykologar som reagerte på at guten ikkje leika. Dette er våre barns 2. verdskrig. Vi skal snakke om dette så lenge vi lev, men kor mye skal vi seie og korleis skal vi seie det? Kva kan vi love når barna spør ”kjem han nokon gang ut frå fengselet?” Boka er berekna på ungar frå 8-12 år. Ho er skrevet for barn på ein måte som tar hand om omsynet til dei; det forteljast for å informere, ikkje for å skremme. |
Vidar Kvalshaug (født 1970 i Kristiansund)
|
Tips til bruk i undervisningen kan du se under
Last ned hele Word-fila --->
|
|